Høst-samling og Årsmøte på Smøla 2024
Den 25.-27. oktober samla vi oss i Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal til den årlege haustsamlinga, denne gongen på Smøla. Det vart ei helg fylt med fellesskap, ny innsikt og eit sterkt engasjement for naturen. Eco Camp vart vår hovudbase, og gav oss varme omgjevnader – samt gode måltid frå Baronen Blå.
Gjennom heile helga føregjekk det mange gode diskusjonar og nye idear vart delte. Vi hadde og med oss Ingeborg frå Hold Norge Rent, som delte innsikt og erfaringar frå arbeidet deira, noko som gav oss ei konstruktiv og inspirerande samtale om måla våre for det komande året.
Laurdag starta vi dagen med ein inspirerande presentasjon av kunstnarane Christine Istad og Pippip Ferner frå Guerrilla Plastic Movement, som fortalde om prosjektet Plastarken, ein stor plast-gapahuk bygd av avfall frå havet Plastarken - a marine waste collecting monument in Norway (youtube.com). Etter ein kort køyretur til Gurisenteret fekk vi høyre Christian Wikan frå Nekton Havbruk dele innsikt om havbruksindustrien, miljøutfordringar og korleis vi kan samarbeide for å redusere plastbruken i næringa. Dette inspirerte oss å sette tonen for dagens ryddedugnad.
Ryddinga tok oss ut i den friske kystlufta, og vidare ut til sjølvaste Plastarken, der vi møtte både vind og sol. I fellesskap rydda vi fjøra og samla alt frå små plastbitar og tau til større gjenstandar, som ei gangbru, som hadde drive i land. Det var spesielt motiverande å sjå sekkane fylle seg opp og kjenne meistringskjensla når vi såg resultatet av innsatsen vår. Som ei påminning om at plastforsøpling er eit globalt problem, fann vi alt frå lokale plastprodukt til plastbitar som kunne ha reist halve kloden rundt.
Etter ryddinga var det duka for fagleg påfyll. Rosemary Aghedo og Margrethe Emblemsvåg frå EU-prosjektet RECLAIM heldt ein presentasjon om det nye prosjektet deira, som fokuserer på metodar for å handtere og redusere plastavfall.
Søndag morgon møttest vi for årsmøtet, med sju deltakarar fysisk til stades og to digitalt. Vi gjekk gjennom året som har vore og diskuterte tiltak for det kommande året, referat årsmøte finne du her. Veronica vart vald som ny medlemsrepresentant, medan Judith, Ronja og Phil vart valde som vara-representantar. Det er fantastisk å ha så engasjerte folk med på laget!
Denne helga på Smøla ga oss ikkje berre moglegheita til å bidra til eit reinare miljø, men òg til å knytte nye band, lære av kvarandre og kjenne på den meistringskjensla som kjem av å gjere noko meiningsfullt i lag. Vi ser fram til neste samling og håpar å sjå endå fleire engasjerte sjeler då!