Holmehopping 2024

Ei helg med samhald, læring og engasjement

Helga 23.-25. august 2024 skulle vi i Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal samle oss til Holmehopping med base på Bjørnsund i Hustadvika Kommune. Veret ville det likevel annleis, og vi måtte flytte basen til Bud og Blåhammer Camping. Trass i desse endringane vart det ei helg fylt med samarbeid, ny læring og engasjerte deltakarar som saman bidrog til å rydde opp i vår vakre skjergard. 

Laurdag morgon la vi ut frå Bud i båt med kurs mot Larsholmene. Med ni deltakarar om bord og med vermeldinga i bakhovudet, var vi klare for å møte både naturkreftene og utfordringane i ryddearbeidet. På Larsholmene møtte vi på ei stor kløft fylt med plastavfall, samt ein mystisk gjenstand som seinare blei kjend som "Moby Rocket". Med stor innsats frå heile gruppa klarte vi å rydde både kløfta og den store raketten. Dette var ein verkeleg laginnsats som viste kor mykje ein kan få til når ein står saman. 

Rakketen “Moby Rocket” viste seg å vere eit stigerør, ein komponent brukt i undervassinstallasjonar til å transportere olje og gass frå havbotnen til plattforma over. Å rydde ein slik gjenstand gjorde arbeidet ekstra spennande og understreka dei varierte utfordringane vi står overfor i kampen mot marin forsøpling.

Den lokale opplevinga i Bud var òg verdifull. Vi fekk møte ein megaengasjert museumsstyrar, ete god mat på lokale restaurantar, og oppleve gjestfridomen til lokalbefolkninga. Dette bidrog til å gjere helga endå meir minneverdig. 

Å vere ute på holmene, jobbe saman i krevjande forhold, og kjensla av å ha oppnådd noko konkret saman, skapte eit sterkt fellesskap. Samstundes var det spennande å sjå kor mykje vi lærte av kvarandre – frå kunnskap om albuesnegl og strandsnegl, til korleis ein mest pedagogisk får opna ein søppelsekk. 

Det beste med helga var utan tvil menneska vi møtte og det fellesskapet vi bygde. Nye bekjentskap blei knytt, gamle venner gjenopplevde, og vi opplevde at vi deler dei same verdiane og engasjementet for å ta vare på miljøet. Sjølv om programmet måtte endrast, og veret var utfordrande, var det ingen som mista motivasjonen. Stemninga under arbeidet med "Moby Rocket" var spesielt høg, og meistringskjensla etterpå var på topp. 

Helgas Holmehopping viste nok ein gong at sjølv under utfordrande forhold, kan vi saman oppnå store ting. Vi gler oss allereie til neste samling, og håpar å sjå endå fleire engasjerte deltakarar der! 

Forrige
Forrige

Høst-samling og Årsmøte på Smøla 2024

Neste
Neste

Vårsamling på Runde 2024