Tips til kva bedrifter kan gjere

Her kjem nokon tips til kva ei bedrift kan gjere for å få eit positivt søppelbudsjett.

  • Identifiser kvar di bedrift “lekk” søppel, t.d. brukar de opne eller lukka containere til avfall som kan blåse av garde med vinden? Står det søppeldunkar nær lasteportar eller liknande? Ligg det ting på bakken som “forsvinn” med snøen når plogen kjem?

  • Arranger ein Rydd med jobben-dag. Det er ein kjekk og annleis dag for dei tilsette som kan gi nokon augneopnarar. Kanskje finn de noko i fjøra som de kjenner igjen? For eit eksempel på godt gjennomført ryddeaksjon med jobben, sjå Ryddeaksjon med jobben-innlegget.

  • Snakk om avfall og kordan det skal handterast når de snakkar om HMS med dei tilsette.

  • Og sjølvsagt - bli medlem av nettverket! Her vil de møte eit miljø som gjerne snakkar om forsøpling, er rause med tips og triks og gjerne strekk ut ei hjelpande hand om det skulle vere nødvendig! Her kan du lese meir om korleis bli medlem.

Rydding med jobben er eit fint avbrekk frå dei vanlege arbeidsoppgåvene til dei tilsette. Her i frå bedriftsryddinga på Mjølstadneset i 2020. Foto: Bjørnar Torvholm, Vestlandsnytt.

Forrige
Forrige

Ryddeaksjon med jobben

Neste
Neste

Ein isoporbit som blei til ti gode venar