Haustsamling på Ona + årsmøte 2023

20. oktober gjekk startskotet for Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal si siste fysiske samling for året – Haustsamling på Ona.

Ona er eit gammalt fiskevêr som har vore busett i mange hundre år. På det meste har det budd rundt 370 stykk på øya, men no er det under 20 fastboande igjen. For å kome seg til Ona tok vi ferje frå Småge og Finnøya og bilane vart satt igjen på ferjekaia då dei nesten er ubrukelege på øya. På øya skulle vi overnatte og ha base på Onakaia, Hustadvika Adventure sitt feriehus. At vi skulle vere so heldige at vi fekk strålande sol, var verkeleg ikkje forventa etter den våte hausten vi har hatt til no.

Hovudaktiviteten for samlinga var – ikkje sjokkerande – strandrydding. Grunna ganske frisk vind vart vi verande på øya, men det var søppel der og so det var ikkje noko problem! Det aller meste som blei plukka var småplukk som små taubitar, plastbitar og haglpatron, men med mange hender og god tid so fekk vi fylt mange sekkar likevel. Vi landa på rundt 200 kilo avfall pluss eit kjøleskap som hadde kome flytande til øya i lag med resten av søpla.

I tillegg til søppel so fann vi og fleire eksemplar av den sjeldne gjesten Bidevindseglar. Dette er ein liten manet som har laga seg eit seil for å kunne forflytte seg raskare. Manet trivst best i tropiske strøk, men kan ikkje gjer anna enn å reise dit vinden tek den og er difor ikkje uvanleg å finne skylt opp på strender rundt omkring i verda. I slutten av september i år blei den første bidevindseglaren registrert funne i Møre og Romsdal – då på Synes på Vigra. Ei anna morsom, og høgst usannsynleg hending som skjedde ute på rydding var at Phil fann eit brilleetui i fjøra som han raskt innsåg var det same som han hadde mista på kajakktur utanfor Ålesund tidelegare i år!

Seinare på kvelden var vi so heldige å få eit foredrag av oseanograf Jenny Ullgren frå Runde Forsking. Jenny fortalte om straumar og bølgjer i havet og korleis dei bidreg til å flytte og konsentrere marint avfall i havet. Med ein engasjert gjeng blei det so klart mange spørsmål og diskusjonar og vi enda med mange gode idear til nye forskingsprosjekt!

Søndag før heimreise arrangerte vi årsmøte i nettverket der, i tillegg til deltakarane på samlinga, det og deltok folk digitalt. På møtet fastslo vi mellom anna måla for 2024 og gjennomførte val av medlemsrepresentant. Referat frå årsmøtet vil etter kvart bli lagt ut her på nettsida.

Du kan lese meir om dei tidlegare samlingane våre her: Holmehopping på Grip 2023 og Vårsamling på Runde 2023.

Referat frå årsmøtet finn du her.

Forrige
Forrige

Vårsamling på Runde 2024

Neste
Neste

Holmehopping på Grip 2023