Bygginga av Nordøyvegen
Kort tid etter at Nordøyvegen blei vedtatt bygga og det blei etablert kontorrigg på Skjelten, blei nettverksmedlemmar invitert til samarbeidsmøte med prosjektleiar Marianne Nærø og Anne Grete Sætre. Prosjektleiinga var klar på at dei ville unngå miljø - og omdømekatastrofar slik som Ryfast diverre blei (Dette har vore mykje profilert i media, t.d. som i denne artikkel frå NRK). Difor ville dei involvere lokale strandryddarar slik at dei hadde ekstra auge ute langs sjøen som kunne rapportere inn om det blei funne uvanlege mengder, eller typar, plast. Lokalkunnskapen som ryddarane i nettverket sit med er svært verdifull! Dei har gått langs fjøra gjennom alle årstider og i all slags vêr, og kan fort oppdage om det har vore uvanlege hendingar.
Bilete frå ein av ryddeaksjonane i regi bygginga av Nordøyvegen. Foto: Anita Nesthus, Skanska.
Entreprenøren Skanska tilsette og ein ytre miljø-ansvarleg. Det blei gjennomført felles rydde- og kartleggingsturar, foredrag for dei tilsette og ein underleverandør tilbydde seg å stille båt til disposisjon om nødvendig. Vi i nettverket opplevde at våre innspel og bekymringar blei tatt på alvor og raskt handtert slik at vi kort tid etter kunne merke ei betring. At vi hadde ein kanal inn til rette vedkomande, slik vi kunne varsle om funn gjorde at uheldig praksis kunne raskt endrast, til det beste for miljøet og prosjektet.